IT JUST NEEDS A LITTLE MEMORY

Det trengst so lita minning

Det trengst so lita minning; berre skuggen
av einkvan verdlaus slumpehøves ting,
ein tuvetopp som lyfter grasstrå-luggen,
eit fly som svirrar tankelaust ikring
ber løyndarbod igjenom kvardagsgruggen,
skyv sanseportann upp med runering,
og sjæla vaknar brureglad or blunder
i morgonsol og dåm av skapnings-under.

Ein liten ljod som kjapt fyr live kavar
i dagsens tungdur, knapt til øyra vinn
med solbod. – Sjæla, lik ein skattegravar
som heitt i ventom gullanskatten finn
og støkk av vissa, sjæleslegen ravar
og kjennest veik den stunda styrken spinn
sitt senestål ikringum led og lender –
å høgste lyst som Gud sin erving sender!

På tronge vegar stig det store tankar
or dulda, og d’er høgtid, høgtid stor
når sjæla livsøtt kjenner at det bankar
eit skaparhjarte, mildt som hjå ei mor,
bak kalde grjotberg-brynja, at det sankar
ei sæleniste åt den ætt som gror
på gravsens kantar. Stur er stundom dagen;
men nær til vegs ligg hesperide-hagen.

It needs just a little memory

It needs just a little memory: the merest shadow
of a worthless, chanced upon thing,
a tussock which lifts its fringe of grass,
a flying thing which buzzes absent-mindedly,
bring secret messages through the daily drudgery,
open the gates of the senses with the rune-ring,
and the soul wakes bride-happy from slumber
to the morning sun and the smell of creation’s miracle.

A little sound that struggles fast for life
among the heavy din of day, which barely reaches the ear
with the sun-message. – The soul, like a treasure hunter
hot with expectation, finds the golden treasure
and, startled by certainty, soul-knocked staggers
and feels weak while its forces spin
steel tendons around joints and loins –
O utmost Joy that God sends his heir!

On narrow roads great thoughts rise up
from obscurity, and it is a holy day, the holiest of days
when the soul feels, life-sweet, that there beats
a heart of creation, tender as a mother’s,
behind the cold stony breastplate, and gathers
soul-rations for the tribe who grow
in the region of graves. Harsh at times the day;
but near the road lies the Garden of the Hesperides.

Olav Nygard
(1884-1924)